Demensplan 2015 ”Den gode dagen” –fire år igjen, kva no? 

Av Fylkesmannen i Rogaland (publisert av Elisabeth Stakkeland)
 
Vinteren 2010-2011 gjennomførte Helsedirektoratet ei nasjonal kartlegging av tenestetilbodet i kommunane til personar med demens. Fylkesmannen i Rogaland stod for innhenting av data i Rogaland, og analysen er gjennomførd av Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse. Resultata frå kartlegginga er no klar.

Mellom anna med bakgrunn i den nasjonale kartlegginga, la Helse- og omsorgsdepartementet nyleg fram ein revidert handlingsplan for Demensplan 2015 for tidsrommet 2012-2015.
Resultata av kartlegginga for Rogaland er no publisert i ein artikkel på nettstaden til Fylkesmannen i Rogaland. Artikkelen gjer og oversyn over viktige satsingsområde vidare og ulike tilskot som kommunane kan søke på knytt til Demensplan 2015. Artikkelen kan lesast her:

http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=4474&amid=3552059


Publisert 15.12.2011 10:30 | Endret 15.12.2011 12:05 

 Publisert av eining

Stavanger Universitetssjukehus - Helse Stavanger HF | Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Postadresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger, Norge | Sentralbord: 0 51 51. Fra utlandet: +47 51 51 80 52
Org. nr: 983 974 678 | Send e-post | Nettstedskart | Personvern
Ansvarlig redaktør: Gottfred Tunge | Webredaktør: Lars Rasdal | Kontakt kommunikasjonsavdelingen