MR-bilete av rygg ved tilvising til vurdering mtp ryggoperasjon 

Alle som blir tilvist til sjukehus for vurdering mtp operasjon av ryggen (dvs alle tilvisingar til ortopedisk eller nevrokirurgisk avdeling vedrørande rygg), må ta MR-bilete av ryggen. Det er tilvisande lege sitt ansvar å syta for at MR-bilete som blir tatt utanfor SUS, blir overført digitalt til SUS sitt radiologiske arkiv.
 

Dette bør gjerast på ein av to måtar:
- skriv på tilvisinga at "BILETA SKAL OVERFØRAST TIL SUS" eller
- ring eller send e-post (for eksempel til stavanger@curato.no) for å overføra bileta samtidig med at tilvising til sjukehuset blir sendt.
 
Både Curato og SUS samarbeider godt om dette, men dei er avhengige av å få beskjed om kva for nokre pasientar som skal få overført bileta.
 
Det er fastlegen sitt ansvar å syta for at radiologiske undersøkingar er tilgjengelege for sjukehuslegen når tilvisinga skal vurderast, på lik linje med kliniske funn, anamnese etc.

Knut Vassbø                           
Praksiskonsulent

Geir Lende
Avdelingsoverlege
 


Publisert 17.02.2012 09:25 | Endret 17.02.2012 09:28 
Stavanger Universitetssjukehus - Helse Stavanger HF | Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate 8, 4011 Stavanger
Postadresse: Postboks 8100, 4068 Stavanger, Norge | Sentralbord: 0 51 51. Fra utlandet: +47 51 51 80 52
Org. nr: 983 974 678 | Send e-post | Nettstedskart | Personvern
Ansvarlig redaktør: Gottfred Tunge | Webredaktør: Lars Rasdal | Kontakt kommunikasjonsavdelingen